Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







VARSLA 34 GRADER I OSLO I GÅR: - Det vart berre 30 på Blindern


Mandal-Eigebrekk, 29.06.18: - Hovudstaden er på
rekordjakt - torsdag (i går) kan det verte 34 grader, skreiv
NRK-journalist Bente Kristin Rundereim Kjellesdal i ein
undertittel på nettportalen "yr.no" tysdag kl. 11.43 og
oppdatert onsdag kl. 10.01


_________________________

Vêrkommentar: Bernt Lie

_________________________


Det var vakthavande meteorolog ved VA på Blindern,
statsmeteorolog Kristian Gislefoss, som hadde gjeve
NRK-journalist Rundereim Kjellesdal dette varselet
tysdag føremiddag, og justert det onsdag føremiddag.
NB: Denne versaken ligg ute på nettportalen "yr.no" og
er ikkje trekt attende fredag ettermiddag!
34 grader på Blindern på ein juni-dag, om det så var
den tredjeseinaste, ville ha vore tangering av
vermerekorden for hovudstaden sia dei fyrste målingene
frå 1816, altso for meir enn to hundre år! Nett det var
ikkje tema på "yr.no" - berre varsel eller prognose om
34 grader i maksimum.
No vart det berre 30,1 grader på Oslo-Blindern i går,
med andre ord ein bom på fire grader. - Rett nok vart
31,4*C på Oslo-Bygdøy, men det var nok ikkje Bygdøy
den profilerte varslingemeteorologen hadde i tankane
korkje tysdag eller onsdag.
So vidt som Ver og vind kan sjå no i ettermiddag,
"dagen derpå", vart det ikkje teke noko atterhald eller
uttrykt noko uvisse kring dei 34 gradene. Så vi tek det
som ein god bom - i desse tropevarme dagane i
hovedstaden og enda varmare plassar austafjells. Som
vi melde i går kveld, var det Tønsberg-Kilen som vart
varmast i heile landet med 32,2 grader som det høgste.
NB: Om nokon undar seg på kvifor Ver og vind skrive
denne kommentaren på nynorsk, er det av di meldinga
på nettportalen "yr.no" var på nynorsk.
Slutteleg legg vi til at den absolutte vermerekorden i
hovudstaden er 33,9*C fra Oslo-Observatoriet (attmed
Solli) frå den 25.6.1888 og at Oslo-Blindern-rekorden er
33,7*C fra den 29.6.1947.


Tilbake

Nyheter

VINTERLIG I NATT PÅ SOGNEFJELL OG FILEFJELL: - Nye juli-kulderekorder , ned til -7,2*C

Mandal-Eigebrekk, 04.07.20: Med temperatur i natt ned til
minus 7,2*C på Sognefjellshytta i Lom ble det satt ny
fylkeskulderekord på Innlandet.
I tillegg ble denne rekorden og det kaldeste på Filefjell
landets tredje og 9. laveste juli-temp'er!

Les mer


LANDSTEMPERATUREN HVER MÅNED: - Hva forteller den massemediene eller folk flest?

Mandal-Eigebrekk, 01.06.20: I dag foreligger Klimatologisk
månedsoversikt fra Observasjon- og klimadivisjonen på
Meteorologisk institutt. Den innledes alltid med
månedstemperaturen for hele landet og hvor mye over
eller under normalen den har vært

Les mer


DEN REKORDVARME JUNIMÅNEDEN: - Østenfjells den varmeste siden 1889; vestenfjells og nordenfjells den aller varmeste

Mandal-Eigebrekk, 30.06.20: På i alt 11 dager i årets juni
har ett eller flere steder opplevd tropevarme. Det er to
dager flere enn i 2018. På 8 ulike netter ble det tropenatt
med i alt 42 enkelt-observasjoner. I 1988 og 1933 var det
6 tropenetter

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©