Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







«YR.NO»FREDAG: - Slik vert vêret i fellesferien


Mandal-Eigebrekk, 08.07.18: Meir enn to døger etter at
nettportalen «yr.no» gjorde kjent vêrprognosa for
fellesferien, lyt ein rekne med at journalist og
statsmeteorolog er samde i at saka er rett attgjeven. Difor
kjem Vær og vind sin kommentar no

_________________________

Vêrkommentar: Bernt Lie
_________________________

Av di den opphavlege vêr-saka er skriven på nynorsk,
gjer Vêr og vind det som er rett i ein slik samanhang: Vi
gjev att og skriv vår eigen kommentar på denne for oss
ikkje heilt vande skriftforma. Det er NRK-journalist
Bente Kristian Rundereim Kjøllesdal som har prata ved
statsmeteorolog Magnus Ovhed, som me trur er
vêrvarslingsmeteorolog i Tromsø ved Vêrvarslinga for
Nord-Norge. Nett dette går diverre ikkje fram i saka.

-Dra til Buskerud!
- Om dei to siste månadane er ein indikasjon på korleis
vêret vert framover, så bør vi alle pakke badebuksa og
reise til Buskerud, heiter det i ingressen (innleiiinga) til
oppslaget SLIK VERT VÊRET I FELLESFERIEN!
Kor i Buskerud vi skulle reisa, er ikkje nemnt med eit
einaste ord!

- Fellesferien er strategisk plassert, historisk er nemleg
vêret best frå veke 28—29 og utover. Men med den
hetebølgja landet hadde i mai, er ikkje det nødvendigvis
tilfelle i år, melder nettportalen "yr.no"; for oss er det
noko uvisst om det er tromsømeteorologen eller NRK-
medarbeidaren som meiner det.

- Det er ikkje godt nytt til dei som vil ha regn på
Austlandet, og heller ikke til dei som vil ha sol og varme
på kysten heilt frå Vestlandet til Finnmark, seier
statsmeteorolog Magnus Oved, truleg ved Vêrvarslinga
for Nord-Noreg, Tromsø.

- Sørlandet og Austlandet
Rimelegvis er det Sørlandet og Austlandets sitt
fellesferievêr som Vêr og vind er mest opptekne tå nett
no ved starten på fellesferien.
- Om ein er ute etter sol og varme, så er Austlandet
framleis staden å vere! I mai var vêret i sør så flott at
det nærmast kokte i sjøen – så varmt hadde vatnet
knapt vore på hundre år. Nokre plassar var det også i
juni varmare i vatnet enn på land. Og sydentilstanden
skal halde fram, med unntak av nokre små byer på
måndag. (NB: Vatnet var like varmt sist august. Men for
mai månad var det rekord! Red’s merknad.)

- Både på Sørlandet og Austlandet ligg det an til at det
vert lite eller ingen nedbør, og varmare enn normalt for
månaden. På Austlandet ganske mykje over det
normale, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed.
Han strekar difor under at det er viktig å vere ekstra
merksam på den høge skogbrannfaren, og framleis vere
medviten om vassforbruket.

- Om det held fram som no, så kan ein ikkje utelukke
nye varmerekordar, men det skal jo litt til, vert det
serskilt streka under.
Med det slutter saka.

- Spørsmål våre
- Kva tyder «ganske mykje over det normale? Og kva
for varmerekordar ventar statsmeteorolog Ovhed seg?
Vêr og vind berre spør – og ventar seg svar, helst heller
snøgt og ikkje når fellesferien er over sundag 29. juli
(Olsokdagen).



Tilbake

Nyheter

METEOROLOGTWITTER I HYTT OG VÆR: - En av tirsdagens twitter-meldinger fra ca kl. 14.00 forteller om den største temperaturøkningen i Norge på ett døgn

Bærum, 31.03.20: For n'te gang er Vær og Vind så fri å
påpeke twitter-meldinger fra en værvarslingsmeteorolog,
trolig i Bergen, siden det dreier seg om klimastasjonen
70850 Snåsa-Kjevlia i Trøndelag. En temperaturforskjell på
34,2*C på ett døgn!

Les mer


"VARMEBØLGEN" I ARKTIS BRUTT ETTER 110 MÅNEDER: - Mars måned i Longyearbyen ender 0,4*C under normalen

Bærum, 30.03.20: Når det gjenstår ett døgn av mars 2020
og det er 24 timevise temperaturer som ikke er "i boks"
hos Meteorologisk institutt, er det klart at måneden blir den
første på ikke mindre enn 111 måneder som blir litt kaldere
enn normalt!

Les mer


CORONAVIRUSET HAR SLÅTT UT EKLIMA HOS MET.NO OG YR.NO-REDAKSJONEN: - 474,5 mm nedbør på èn time

Bærum, 30.03.20: Det har aldri tidligere skjeddi
Meteorologisk institutts historie: En timesnedbør på 474,5
mm fra tolv til ett normaltid registrert lørdag 28.3. anno
2020! Et par drypp timene etterpå brakte 12-
timersnedbøren søndag opp i 474,8 mm

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©