Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







RETTING: - Vêrstasjonen Midtstova ligg attmed Bergensbana millom Hallingskeid og Finsetunnelen sin vestende


Bærum, 24.12.12: - Det er nok ikkje rett at Midtstova ligg ved vegen mellom Ulvik og Granvin. Nei, Midtstova verstasjon er del av samarbeidsprosjektet mellom Jernbaneverket og Meteorologisk institutt og ligg attmed Bergensbana.



Det er Olav Arne Brekke på Vossevangen, som bur tett attmed den automatiske verstasjonen på Voss, som gjer merksam på dette i ein e-post til Vêr og vind i siste innspurten til joleftan.
Det me finn på vêrpotalen "yr.no", er at stasjonsnummeret er 53530, namnet er Midstova, og stasjonen ligg 1162 m.o.h.

- VA oppklarer
Ein telefon til Vêrvarslingsavdelinga på Meteorologisk institutt julefatans føremiddag klarar opp mykje: Midtstova ligg på 60,3942 grader nord og 7,1656 grader aust.
Denne kartreferansen syner at Midtstova ligg midtveges mellom Hallingskeid stasjon og den gamle vaktarbustaden Fokstova attmed vestenden av Finsetunnelen. Moldådalen er retteleg vid nett her ved sida av Høghellervatnet, og i ei gløtte millom snøoverbygga skulle det vera morgeleg å sjå vêrstasjonen som var teken i bruk fra 1. desember siste året.
Under dei høge Høghellerhøgdene i den vidopne dalen er det naturleg at austsøraustvinden, slik det var på laurdag og i går, tek godt i dalbotnen kring Låghellervatnet og Høghellervatnet fire hundre meter lægre enn høgstetoppen i Høghellerhøgdene.
Vi ser fram til mykje ruskute vêrtilhøve austa Hallingskeid i vintrane som kjem og sier oss leie for at vi plasserte Midtstova på FV 572 millom Granvin og Ulvik.
Men Ulvik kommune er rett kommune for Midtstova.
- - -
Med denne rettingsmeldinga seier Vêr og vind takk for alle innspel frå dykk vêrklikkarar i året som snart er til endes og ynskjer de alle saman ei gledeleg jolehøgtid og eit godt nytt vêrår i 2013.
Helsing
Bernt Lie.


Tilbake

Nyheter

FORELØPIG SISTE TROPENATT: -- I Narvik ble det ikke kjøligere enn 20,3*C i natt

Mandal-Eigebrekk, 10.09.24: Det varme været i Nord-
Norge ga ytterligere en tropenatt nord i det lange
Nordland fylke i natt. Nyheten ble brakt ut fra en av de
kvinnelige statsmeteorologene i Tromsø, som glemte å
fortelle hva temp'en hadde vært.

Les mer


TROPENATT I NATT: - Sjeldent varm natt i natt på Sør-Helgeland og indre Sunnmøre

Mandal-Eigebrekk, 09.09.24: Ved tre av
Meteorologiskes målestasjoner ble det natt til i dag
registrert tropenatt, dvs. at nattetemperaturene fram
til åtte i morges ikke gikk under 20,0 grader. Til å være
såpass sent i september er dette sjeldent!

Les mer


NY NORGESREKORD I SEPTEMBERVARME TORSDAG: - Tropevarmt i september for første gang i moderne norsk klimahistorie!

Bærum, den 05.09.24: For første gang har det
forekommet tropevarme -- dvs. temperaturer opp på
30-tallet -- her i landet gjennom de ca 160 årene som
Meteorologisk institutt har hatt værmålinger over hele
landet. Sunnhordland tok rekorden med 30,6!

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©