Samarbeids- partnere:





|
VARSLA 34 GRADER I OSLO I GÅR: - Det vart berre 30 på Blindern
Mandal-Eigebrekk, 29.06.18: - Hovudstaden er på rekordjakt - torsdag (i går) kan det verte 34 grader, skreiv NRK-journalist Bente Kristin Rundereim Kjellesdal i ein undertittel på nettportalen "yr.no" tysdag kl. 11.43 og oppdatert onsdag kl. 10.01
_________________________
Vêrkommentar: Bernt Lie
_________________________
Det var vakthavande meteorolog ved VA på Blindern, statsmeteorolog Kristian Gislefoss, som hadde gjeve NRK-journalist Rundereim Kjellesdal dette varselet tysdag føremiddag, og justert det onsdag føremiddag. NB: Denne versaken ligg ute på nettportalen "yr.no" og er ikkje trekt attende fredag ettermiddag! 34 grader på Blindern på ein juni-dag, om det så var den tredjeseinaste, ville ha vore tangering av vermerekorden for hovudstaden sia dei fyrste målingene frå 1816, altso for meir enn to hundre år! Nett det var ikkje tema på "yr.no" - berre varsel eller prognose om 34 grader i maksimum. No vart det berre 30,1 grader på Oslo-Blindern i går, med andre ord ein bom på fire grader. - Rett nok vart 31,4*C på Oslo-Bygdøy, men det var nok ikkje Bygdøy den profilerte varslingemeteorologen hadde i tankane korkje tysdag eller onsdag. So vidt som Ver og vind kan sjå no i ettermiddag, "dagen derpå", vart det ikkje teke noko atterhald eller uttrykt noko uvisse kring dei 34 gradene. Så vi tek det som ein god bom - i desse tropevarme dagane i hovedstaden og enda varmare plassar austafjells. Som vi melde i går kveld, var det Tønsberg-Kilen som vart varmast i heile landet med 32,2 grader som det høgste. NB: Om nokon undar seg på kvifor Ver og vind skrive denne kommentaren på nynorsk, er det av di meldinga på nettportalen "yr.no" var på nynorsk. Slutteleg legg vi til at den absolutte vermerekorden i hovudstaden er 33,9*C fra Oslo-Observatoriet (attmed Solli) frå den 25.6.1888 og at Oslo-Blindern-rekorden er 33,7*C fra den 29.6.1947.
Tilbake
|
 Nyheter
TROPEVARM JULISTART: - Både Brønnøysund, Snåsa i Nord-Trøndelag og Oslo-Hovin hadde tropenatt i natt
Mandal-Eigebrekk, 01.07.22: (NY!) Den aller første juli- dagen åpnet med 3 tropenatt-observasjoner, ifølge morgenens oversikt fra klimaforsker Jostein Mamen ved Met.no. Og fra det aller sørligste på Sørlandet var det 19,5*C kl. 08.00!
Les mer |
ONSDAGENS TROPEVARMETOPP I FINNMARK: - Det ble ny fylkesvarmerekord i gamle Finnmark fylke
Mandal-Eigebrekk, 30.06.22: Da Meteorologisk institutt strøk Sihccajavris rekord på 34,3*C fra den 23.6.1920 på grunn av feilavlesning, som de skrev, har de ikke reberegnet temperaturrekken fra varmebølgen der oppe i 1920. Hva var maks'en der da?
Les mer |
FORELØPIG SLUTT FOR TROPENETTER I NORD: - På Nyrud i Pasvikdalen stoppet nattetemp'en på 19,0*C
Mandal-Eigebrekk, 30.06.22: Årets aller siste juni-dag kunne ikke varte opp med en eneste tropenatt- observasjon, ifølge oversikten som klimaforsker Jostein Mamen på Meteorologisk institutt hadde for kor tid siden på morgenkvisten...
Les mer |
Nyhetsarkiv
|