Samarbeids- partnere:
|
FRUSTRERT VÆRKLIKKER TIL VÆR OG VIND: - Om værrekorder og ikke godkjente stasjoner
Mandal-Eigebrekk, 03.08.18: En av Vær og vinds trofaste værklikkere på Voss har i går kveld sendt oss dette hjertesukket på e-post. Olav Arne Brekke er en av de 60.088 besøkende på dette nettstedet i juli-måneden. Vi deler hans synspunkter!
"Ja, då er tabellane i Klimatologisk månedsoversikt klare. Og med alt som har skjedd i det siste, er det like før eg sluttar å fylgje med på veret. For å byrje med at Rygge og Torød (Rygge-Huggenes og Nøtterøy-Torød; red's merknad!) sine fylkesrekordar ikkje er godkjende. Under den store tabellen står "Stasjoner med ny juli-rekord for maksimumstemperatur." Der står Rygge 33,9 oppført som stasjonsrekord, men ikkje som fylkesrekord. Torød står berre oppført med nedbørdata i den store tabellen. Men Sande-Galleberg har sjølv forbetra sin fylkesrekord til 33,5. "...verdiene som sådan ikke er forkastet. Men de er forkastet som rekorder." Kva i alle dagar meiner ho med det? Så stod det ei sak på yr: https://www.yr.no/artikkel/tangerte-tidenes-varmaste- juli-1.14133757 . Der blir det sagt: "Den målaren som har fått køyrt seg kraftigast, er Gulsvik i Flå i Buskerud. Der er det målt 31 tropdedagar til no i 2018. 20 av tropedagene kom i juli. Men, det er eit stort, men: Det har vore utført anleggsarbeid ved målaren med påfylling av grus som gjer at målingane ikkje er godkjente." Er det tilfelle at dei ikkje er godkjende? Gulsvik står i tabellen med alle verdiar utan stjerner. Eller er det journalisten som har vore for rask i konklusjonen? Eg trudde forholda blei retta opp i Gulsvik. Så er det Vossevangen og Evanger. Vossevangen står i tabellen med middeltemperatur og nedbør, Evanger berre med nedbør. Som du var inne på, burde vel alle temperaturdata frå Evanger vore strokne sidan stasjonen vart oppretta. Mens Vossevangen var OK til anleggsarbeidet i fjor haust. Dei timevise utloggingane frå den 27. juli viser at det var 34,3 på Vossevangen fredag 27. juli kl 18:00. Då kan det fort ha vore maksimum opp til 0,5 grader over og altså varmare enn Åndalsnes dagen etter. Men det hjelper lite å spekulere, sidan det ikkje blir godkjent uansett. Det skal seiast at den svarte asfalten no er dekt av eit raudt tartandekke som nok ikkje avgir like mykje varme som asfalt. Dermed var nok reell temperatur nær rekord, i alle fall.
Det ser ikkje ut til at dei veit kva som skal gjerast med stasjonen. Det plenstykket som er igjen, er for lite, og eigna område i nærleiken er visst vanskeleg å finne. Så eg er redd for at Voss, ein av dei absolutt varmaste plassane på Vestlandet (og kaldaste i låglandet om vinteren), blir ståande utan målestasjon. Bulken er den nærmaste, men den stasjonen ligg 328 m.o.h., og ikkje nede ved vatnet og jernbanen, og er ikkje representativ for Vossevangen. Så lurer eg på kva som har skjedd med Bingsa og Brusdalsvatnet II målestasjonar. Dei hadde uvanleg høge målingar, men Bingsa står ikkje i det hele teke i tabellen. Brusdalsvatnet II står berre med luftfukt. Blei dei kanskje underkjent p.g.a. ting som ikkje var som dei skulle? Andre tvilsame er/var: Røyken-Skogsborg, Busnes, Åseral, og Gardermoen PLU. Alle desse tvilsame tinga gjer at eg ikkje stolar på at andre stasjonar er korrekte heller. For eksempel Etne og for den del Åndalsnes-Kamshaugen. Er Åndalsnes i samarbeid med BaneNOR, så er det i alle fall tvilsamt. - - - I ettertid har eg forresten sett at Åndalsnes- Kamshaugen og Notodden Flyplass ikkje står med fulle data i tabellen heller. Kvifor det, skal tru? legg O. A. Brekke i en e-post fra i middags kl. 12.27 i dag. Med frustrert helsing Olav Arne Brekke Voss." - - - Vær og vind deler fullt ut O. A. Brekke sine synspunkter. Copyright: Bernt Lie
Tilbake
|
Nyheter
FORELØPIG SISTE TROPENATT: -- I Narvik ble det ikke kjøligere enn 20,3*C i natt
Mandal-Eigebrekk, 10.09.24: Det varme været i Nord- Norge ga ytterligere en tropenatt nord i det lange Nordland fylke i natt. Nyheten ble brakt ut fra en av de kvinnelige statsmeteorologene i Tromsø, som glemte å fortelle hva temp'en hadde vært.
Les mer |
TROPENATT I NATT: - Sjeldent varm natt i natt på Sør-Helgeland og indre Sunnmøre
Mandal-Eigebrekk, 09.09.24: Ved tre av Meteorologiskes målestasjoner ble det natt til i dag registrert tropenatt, dvs. at nattetemperaturene fram til åtte i morges ikke gikk under 20,0 grader. Til å være såpass sent i september er dette sjeldent!
Les mer |
NY NORGESREKORD I SEPTEMBERVARME TORSDAG: - Tropevarmt i september for første gang i moderne norsk klimahistorie!
Bærum, den 05.09.24: For første gang har det forekommet tropevarme -- dvs. temperaturer opp på 30-tallet -- her i landet gjennom de ca 160 årene som Meteorologisk institutt har hatt værmålinger over hele landet. Sunnhordland tok rekorden med 30,6!
Les mer |
Nyhetsarkiv
|